Om oss

Møre Miljøsanering vart starta hausten 2013, og er ein aktør innan rivingsbransjen. Vi er lokalisert i Stranda kommune på Sunnmøre, og utfører arbeid på heile Nordvest-landet. Vi har per 2020 7 ansatte, les meir om våre ansatte her. Vi er godkjent opplæringsbedrift, og har ein lærling i firmaet. Vi har opparbeida oss ein god ustyrspark, for å sjå og lese meir klikk her

Møre Miljøsanering utfører miljøsanering og riving av alle typer bygg, og har sentral godkjenning innan sanering og riving i tiltaksklasse 2. Vi har godkjenning fra arbeidstilsynet for å jobbe med innvendig og utvendig asbestsanering. Vi driv også med mugg- og soppsanering.

Vi har lang erfaring innan avfallsbransjen, og tilbyr avfallsveiledning, miljøkartlegging, utarbeiding av avfallsplan, samt sikkerheitsrådgivning for farlig avfall. 

Vi er sertifisert energisparer-spesialist (oljefri.no), og bistår med sanering og fjerning av parafin- og oljetanker. Vi utfører også gassmålingar, og utsteder gassfri-sertifikat.

Saman med våre samarbeidspartnerar har vi lang erfaring innanfor rivinings- og avfallsbransjen, og tilbyr gjerne ei skreddersydd løysing. For å sjå bildegalleri frå tidlegare utførte prosjekt, klikk her

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller forespørslar!